Bergen Fjell og FjordTur

lørdag 15. juni

 
 
 
 
 
bft1.jpg

Start på Fløyen også i 2019. Ein framifrå tur frå Bergen(Fløyen) til Knarvik

Bergen Fjell og FjordTur er ein turmarsj/løp på ca. 27 km. Traseen går frå Fløyen til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km).

Tur med fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.
NB! Etterpåmelding - tur opp til Fløyen er IKKJE Inkludert i påmeldinga.
Eiga klasse for løp. Berre start frå Fløyen. Her blir det tidtaking og premiering til dei 3 beste kvinner og menn.
Dato: lørdag 15. juni NB!!
Start Fløyen : turklasse kl 09:30 - 10:00 ,  løpsklassen kl 10:00(fellesstart) - IKEA Åsane 11:30 (felles start)
Premiering: Trekt på startnr. Ein er også med i trekninga av hovudpremiane på sjølve Knarvikmila i september. 
Gratis buss: Det vert sett opp GRATIS buss frå Knarvik til Bergen/IKEA kl 08:30/10:30. Det er også gratis buss frå Knarvik til Bergen/Åsane etter løpet.
Henting av startnummer: Ved nedre stasjon Fløyenbanen frå 08:30 til 09:45 - Ved IKEA Åsane frå 11:00 til 11:30.
Etterpåmelding: På Fløyen frå 09:00 til 10:00 (Må kjøpe eigen billett opp til Fløyen) - Ved IKEA Åsane frå 11:00 til 11:30.
START Fløyen: LØP: Fellesstart frå Fløyen klokka 10:00. TUR: Frå Fløyen klokka 09:30 - 10:00 - Fellesstart frå IKEA Åsane klokka 11:30.

VIKTIG INFORMASJON

Transport

Det er satt opp gratis buss frå Knarvik Skysstasjon kl. 0830 til Bergen, (nedre stasjon Fløybanen) og til IKEA kl. 1030.

Det er også gratis buss frå Knarvik til Bergen/Åsane etter løpet. Retur kl : 1500,1600 og 1700

Priser påmelding  -  MERK Start Fløyen Tur med fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.

Løyper

Løypa frå Fløyen er 27 km lang og har ei samla oppstigning på 800m.

Løypa frå IKEA Åsane er ca 14 km lang.

Løypemerking: Km-merke, skilt med piler, raude og kvite merkebånd, grøn strek i asfalten.

Mat og drikkestasjonar:

Eidsvåg - 9 km - drikke

Rolland - 12 km - saft

IKEA Åsane - 14 km til mål - Matpakke og Olden vatn.

Tellevik fotballbane - 6km til mål - Olden vatn og banan.

Flatøy parkeringsplass - 3km til mål - saft

I Knarvik blir det servert gratis saft, suppe og brød.

Toalett: IKEA Åsane og ved start på Fløyen

Til slutt nokre gode råd:

Husk gode sko og ikkje minst gode labbar. Joggesko som er brukt eit par gonger er kanskje det beste. Det er ca 50% asfalt , 30% grus og 20% sti på turen. Ein må kle seg etter været. Ta med ein liten ryggsekk slik at ein kan kle av og på seg etter været.Det er sett opp 5 drikke/matstasjonar på turen frå Fløyen. Den første etter ca 8km. Ta likevel med litt drikke og mat i ryggsekken.

Etter målgang er det gratis servering av mat og drikke i Knarvik Senter.

Etter målgang er det gratis servering av mat og drikke i Knarvik Senter.

Trykk på bildet for å sjå kor løypa går. når du går over Nordhordlandsbrua er det ca. 5km til Knarvik Senter og målgang

Trykk på bildet for å sjå kor løypa går. når du går over Nordhordlandsbrua er det ca. 5km til Knarvik Senter og målgang

Utsikt frå Fløyen

Utsikt frå Fløyen

Start løpsklasse kl 1000. Løpsklasse berre frå Fløyen.

Start løpsklasse kl 1000. Løpsklasse berre frå Fløyen.

Start på IKEA frå kl 1130.

Start på IKEA frå kl 1130.