Beskrivelse av løypa med oppdatert løypekart og høydeprofil.

Start rett utanfor Fløien Folkerestaurant. Ein føl vegen til Rundemanden. Etter ca. ein km tar ein til venstre i kryss og føl skilt merka Munkeboten. Etter ca 5km er ein nede ved Munkebotsvandet. Ein føl så vegen forbi Langevatnet og ned mot Eidsvåg. Vidare følgjer ein Ervikvegen på fortau forbi Rema1000. Gå bratt opp til høgre for Eidsvåg barnehage, over haugen og nedatt ved Re-Bil.Ta brua over motorvegen og vidare på høgre sida av motorvegen. Her kjem ein innatt på postveien over Glasskaret til Storbotn og vidare til Rolland. Denne strekninga går i terreng.Vidare går løypa på gang og sykkelstien mellom rekkehusa i Rollandslia og ned mot Rolland skule. Løypa går vidare på høgre sida av fotballbana, beint fram og opp Åmundsdalen. Ta gangveien mot høgre etter bakketoppen, gå på baksida av Bergen Truckservice. Kryss Liavegen og følg gangstien mot venstre. Gå på gangstien langs Liavegen og Flaktveitvegen til lyskrysset over Åsamyrane ved Kyrkjekrinsen skule. Frå Kyrkjekrinsen skule går løypa inn ved Heiane. Vidare inn gangsti til Ikea (nordaust sida) kor det er matstasjon og start for kort løype. Dalavegen mot Mellingen. Frå Mellingen går løypa vidare på god postveg opp mot Rimmaskaret. Vidare over Rimmaskaret og nedatt mot Falkanger. Frå Falkanger får ein flott utsikt over fjordlandskapet og målområdet i Knarvik. Frå Falkanger går postvegen i litt ulendt terreng nedover eit stykke før den kjem utatt på den asfaltert veien. Løypa går på asfaltert veg ned til Hordvik. Sving til venstre nedst i Falkangerveien. Løypa er merka gjennom boligområdet i Rabben og vidare ned mot Tellevik kystfort og Nordhordlandsbrua. Ved kystfortet på Klauvaneset går ein opp på gangstien over Nordhordlandsbrua. Nordhordlandsbrua vart opna I 1994, den er 1614 meter lang og er norges nest lengste bru (etter Drammensbrua).Flytedelen av brua er 1243 meter lang. Etter at Salhusfjorden er kryssa kjem ein over på Flatøy der løypa går på lokale vegar, og passerer den nedlagte Flatøy skule. Siste del på Flatøy går på grus og i terreng. Siste fjordkryssing går over Hagelsundbrua (623 meter lang) frå Flatøy til Knarvik. I Knarvik er løypa merka med grøn stripe i asfalten. Løypa går på høgre sida av E39, før ein kryssar under vegen og går i mål på Knarvik senter.

Høydeprofil Bergen Fjell og fjordtur. Start på Fløyen ca 310m. Høyeste punkt ca 370m etter ca 2.5km.

Høydeprofil Bergen Fjell og fjordtur. Start på Fløyen ca 310m. Høyeste punkt ca 370m etter ca 2.5km.


Skjermbilde.JPG